mandag 10. mai 2010

Praha

Frå tysdag til lørdag forje veke var eg på klassetur til Praha! Me reiste ned tidleg tysdagmorning og kom heim seint lørdagskveld. Me har funne på utruleg mykje og eg har storkost meg.

Me har bl.a. vore på black light teater. Det var utruleg tøft! Du kan sjå videoen under for å sjå noko av det me såg på teateret. :-D



Me var også i ein barnehage som var kjempefin! Det var utruleg kjekt å sjå korleis den var innreda og kor ryddig det var der! Den var forresten døgnåpen, altså; den var open frå måndag kl 07.00 til fredag kl ettelleranna på ettermiddagen/kvelden. Så ungane kunne såva der i vekedagane. Me fekk omvisning av ei dama, men ungane var ute når me var der, så me fekk ikkje prata så mykje med dei.

Slik såg det ut i ein del av barnehagen:


Me var også på eit barnehjem. Og på leketøysmuseum, det var kult! I alle fall barbie-utstillinga. Me gjekk over Karlsbruo og opp til ei borg, me var også i den jødiske kvartalet. Ein kveld var me på dokketeateropera, det var litt spessiellt. Ein aen dag var me å såg Lennon-muren! Det er ein mur der det står sitat frå Beatles-tekstar! Ellers har me handla, vore på nattklubbar, handla, handla og sove. Og så har me ete. Og ein ting til; nevnte eg at me har handla?

Jaja, så me hadde det kjekt! Her er nokon bilete:




Meg med Karlsbrua i bakgrunn


Ved John Lennon-muren


Eg måtte jo senda kort heim! :-D


På ein bar


Frukosten på hotellet


Barbiedukker på leiketøysmuseet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar