Me har bl.a. vore på black light teater. Det var utruleg tøft! Du kan sjå videoen under for å sjå noko av det me såg på teateret. :-D
Me var også i ein barnehage som var kjempefin! Det var utruleg kjekt å sjå korleis den var innreda og kor ryddig det var der! Den var forresten døgnåpen, altså; den var open frå måndag kl 07.00 til fredag kl ettelleranna på ettermiddagen/kvelden. Så ungane kunne såva der i vekedagane. Me fekk omvisning av ei dama, men ungane var ute når me var der, så me fekk ikkje prata så mykje med dei.
Slik såg det ut i ein del av barnehagen:
Me var også på eit barnehjem. Og på leketøysmuseum, det var kult! I alle fall barbie-utstillinga. Me gjekk over Karlsbruo og opp til ei borg, me var også i den jødiske kvartalet. Ein kveld var me på dokketeateropera, det var litt spessiellt. Ein aen dag var me å såg Lennon-muren! Det er ein mur der det står sitat frå Beatles-tekstar! Ellers har me handla, vore på nattklubbar, handla, handla og sove. Og så har me ete. Og ein ting til; nevnte eg at me har handla?
Jaja, så me hadde det kjekt! Her er nokon bilete:
Meg med Karlsbrua i bakgrunn

Ved John Lennon-muren

Eg måtte jo senda kort heim! :-D

På ein bar

Frukosten på hotellet
Barbiedukker på leiketøysmuseet!

