tirsdag 15. desember 2009

Emma Lise sine juletradisjonar

Nå nerme det seg jul, og eg tenkte att eg kunne skriva litt om kossen det er å feira jul i Emma Lise sitt liv. Detta er nåke du kan gjer med ungar i småskulen og. Dei kan skriva om korleis dei feirer jul, og ka dei syns er kjekt med jul. Her er mi fortelling:

Det heila begynne i mai. Då sitte Emma Lise hos Bestemor, og dei prate om alt mellom himmel og jord. "Bestemooor?" seier Emma Lise forsiktig. "Ja?" "Vett du ka?" "Nei?" Bestemor smiler, og ser nysjerrig på Emma Lise. "Eg glede meg te jul eg!" Så sette Bestemor i å le, og seier "ja, det gjer du vell! Men det var jo nettopp jul, jo." "Neeei, det e lenge si!" svarer Emma Lise med eit stor smil om munnen.

Dette skjer med jevne mellomrom heilt fram til 24.november. "Bestemor! Det e berre ein måne te jul!!" Emma Lise er overlykkelig, der hu sitte på sida av Bestemor i sofan. "Eg glede meg!" Bestemor ler og seier at det ikkje kom som eit sjokk! "Du har jo gleda deg si.. For lenge si, vertfall"

1. desember begynner julekalenderen på Barne-tv. Emma Lise sit klar ved TVen kvar dag kl 18.00.(Viss ho er heime då, vell og merka) Ho syns at det meste av det er kjekt, og kjem skikkelig i julastemning av det. I desember står også julahandlingo for tur. Emma Lise går rundt og lurer på ka hu skal kjøpa til folk. Men som kvart år før, er ikkje Emma Lise ferdig med alle pakkane før lille julafto.

Så er julaftan endeleg her. Emma Lise står opp i 10-tida, for å ikkje gå glipp av tre nøtter til Askepott på tv. Og seinare på dagen, ete heile familien til Emma Lise graut med mandel i. Det syns Emma Lise er kjempegodt.

Når kvelden endelig komme, og Emma Lise har vore ute i fjose og gitt sauene, hestane og hunden mat er alt klart til at det kan begynna. Emma Lise og dei andre i familien har pynta seg fint. Bestemor er også komt på besøk! Ho skal feire jul samen med Emma Lise og familien hennas. "Ja, Emma Lise, nå e det julafto!" seier ho med eit smil. Emma Lise og Bestemor ler til kvarandre. Og så et dei pinnakjøt, og opnar pakkane etter tur. Det er kjempekoseligt, og alle i Emma Lise sin familie er glade! Kvelden går kjempefort, og alle er trøtte når kvelden er over.

I romjula er Emma Lise og familien hennas i mange julaselskap, og på forskjellige ting som skjer. Det er kjekt med jula. Emma Lise syns og att det er veldig kjekt at alle søsnko hennas er samla heima. Ok, nå hørrtes det kanskje ut som om Emma Lise har 8 søsken, men det har hu ikkje. Hu har bare 3, men storesøstera og storebroren hennas bur ikkje heime, så det er ikkje så ofte hu ser dei.

Julaferien går alt for fort, syns Emma Lise. Men etter kvar jul, sit Emma Lise med ein godt følelse i magen. "Jaja, så var det øve denna gongen og!" Smiler hu.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar